> Bergen by > Bergen fra A til Å  Til startsidenSkriv ut
Bergen fra A til Å  

A – Akvariet
Bergens egen eksotiske oase, no også med eit haiakvarium som ein kan gå igjennom. Vi nemner også andre dyriske attraksjonar i fleng: Pingvin, hai, ape, edderkopp, fisk og krabbe. Dette er byens største samling av eksotiske artar; under og over havflata.

B – Blå stein
Den Blå steinen er byens møteplass med stor M. Den lange, flate, blå steinen ligg øvst på Torgallmenningen, sentrumskjernens hovudgate. Ein ynda møteplass for bergensarar og studentar.

C – City Sightseeing Bergen
Ja, turistane likar Bergen. Og det er vel ikkje ein betre måte å sjå byen på, enn ved å hoppe på ein guida busstur? Perfekt for turistar, men også for deg som er ny i byen!

D – Danmarksplass
 
 Troldhaugen - i dag museum

Byens største trafikk-kryss, men med eit lysglimt; Bien Bar.

E – Edvard Grieg
Edvard Grieg er nok den mest kjende komponist, nasjonalromantikar og bergensar gjennom tidene. Troldhaugen som er idyllisk plassert ved Nordåsvannet blei nytta av Grieg som bustad og sommarheim frå 1885. Troldhaugen er i dag eit museum der minna om Griegs kunstnariske karriere lever vidare.

F – Fløien
Bergens mest berømte turistattraksjon: Fjellet ligg (nesten) midt i byen. Om du ikkje vil gå grusvegen oppover, kan du nå toppen på få minutt med Fløibanen.

G – Gratis sentrumsbuss
Bergen sentrum er sjarmerande lite, og det er lett å kome seg fram i byen. Med gratis sentrumsbuss frå Dreggen til VilVite-senteret som har avgang kvart tiande minutt alle kvardagar, er sentrum blitt enda meir tilgjengeleg.

H – Hulen
Ein av dei mest karakteristiske skjenkestadane i Bergen. Fjellhola vart nytta som bomberom under 2. verdskrig, og har dei siste førti åra vore studentutestaden Hulen. Grotta i fjellet med yrande studentliv og to konsertscener må opplevast.

I – Internasjonal
Bergen har gjennom heile si historie vore ein leiande havneby. Byen ber tydelig preg av denne kontakta, både historisk og i nyare tid. 

J – Jeg tok min nystemte
Jeg tok min nystemte er første strofe i Bergenssangen Nystemten. Ein av dei mest velkjende versjonane blir sungen av Sissel Kyrkjebø.

K – Kultur
 
 Lille Lundgårdsvann i vårskrud

Kulturlivet i Bergen er levande og utfaldar seg på mange arenaer. Koengen blir om sommaren konsertscene utandørs, og kan glimre med besøk av verdskjende artistar som blant anna Stevie Wonder, Metallica og Iron Maiden. Heile året finn du kultur på Kvarteret, som husar ulike små og store kulturelle innslag med utgangspunkt i studentkulturen. 
 
L – Lille Lungårdsvann
Det åttekanta vatnet var opphavleg ein del av Store Lundgårdsvann. Vatnet er pryda med ei vakker fontene i midten, og byens juletre om vinteren. Ikkje ein godt eigna badeplass.

M – Muséhagen
Muséhagen er ein botanisk hage ved Bergen Museums naturhistoriske avdeling på Nygårdshøyden. Hagen vart anlagt på slutten av 1800-talet og omfattar 14 mål med om lag 3300 plantesortar som er samla inn gjennom åra.

N – Nordnes Sjøbad
Oppussa og nyopna sommaren 2010. På Nordnes kan du nyte det 25 meter lange utandørs saltvatnsbassenget heile sommaren gjennom.

O – Opera
Den norske opera serverar kulturelle perler for alle interesserte, og arrangerar førestillingar sommartid på Bergenhus Festning.

Pepperkakeby
Ein praktfull pepperkakeby reiser seg rundt jul kvart år ved hjelp av bergenske bakebidrag. Pepperkakebyen blei kjend i Europa vinteren 2009 etter at ein vandal braut seg inn og raserte utstillinga.

Q – Quiz
 
 Et lite utstnitt av Pepperkakebyen.

I Bergen kan du bryne dine små grå på quiz kvar dag heile veka gjennom. Ja, du las riktig: Quiz kvar kveld!

R – Regn
Dropane ovanfrå er aldri langt unna i Bergen. Det regnar ein del. I gjennomsnitt 213 døgn i året, i følgje Wikipedia. Men sjå opp, det kan skje når som helst: At sola bryt gjennom.

S – Stoltzekleiven
Ofte forbunden med blodslit. Dei 800 trappetrinna som leier til toppen blir flittig trakka av spreke bergensarar med definert lårmuskulatur – og dei som ønskjer å få det. Årleg arrangerast løpet Stoltzekleiven opp.

T – Tronge smau
Bergen er full av sjarmerande små gater, nokre av dei har morosame namn i tillegg. Kva med å smyge seg gjennom Nedre Hamburgersmauet? Ta deg ein tur i byen, og bli sjarmert du også.

U – Ulriksbanen 
Ulriksbanen er ei svevebane som tek deg til det høgaste byfjellet på 643 meter. Frå toppen ventar deg ei fantastisk utsikt over Vestlandets vakraste by.

V – Vidden
 
 Ulrikstoppen bakerst, sett frå Vågen

Glad i fjelltur? Frå både Ulriken og Fløien kan du vandre langs ryggen av fjellkjeda rundt Bergen. Vakre Vidden legg du bak deg på nokre timar, ein fin gåtur på godvêrsdagar.

W – Wesselstuen
Bergens ærverdige skjenkestad som var heimen til forfattaren og diktaren Johan Herman Wessel, finn du på Torgallmenningen, eit steinkast frå Den blå stein. Sjel.

X – Xhibition
Bygget midt i byen var i gamle dagar Bergens hovudpostsentral. I dag rommar bygget blant anna eit fire etasjars shoppingsenter og ein restaurant med takterrasse på toppen.

Y – yr.no
Like greitt å lagre denne sida på nettlesaren først som sist. Vêret er alltid ein snakkis i Bergen, og det kan vere greitt å vite om du må ta gummistøvlane på før du går heimanfrå.

Z –Zachariasbryggen
Like ved Bryggen finn du Zachen, eit hus fylt med restaurantar og serveringsstadar som har utsikt over vakre Vågen.

Æ – Ærleg tala
Finnast det nokon vakrare by enn Bergen? I verda, i universet? Neppe.

Ø – Øvregaten
Lille Øvregate er byens eldste gate. Den strekk seg frå Domkirkeplassen mot Vetrlidsallmenningen. Her finn du blant anna Holbergmuseet, lokalisert i Bergens gamle Latinerskole. 

Å – Åsane
Åsane bydel er eit ynda reisemål for bergensarar som har dilla på oppussing. Skal vi vere ærlege, den største attraksjonen i Åsane er nok møbelkjeda Ikea, og den treng vel eigentleg ikkje noko meir introduksjon.

Sitemap | Index | FAQ | Kontakt