Til startsidenSkriv ut
Case-løysing gav innløysing

Utdanning i Bergen og Springbrettet sin case-konkurranse resulterte onsdag kveld i to vinnande lag som avslutta ei knallhard arbeidsveke.

 

Av: Karoline Vårdal


Frå venstre: Stian Eikanger Skålevik, Martine Langberg og Sturla Parvathi Nødtvedt i gruppa "MoBile" parkerte bilistane for Statens Vegvesen og stakk av med førstepremien.

Det var tydeleg spente studentar som venta på kveldens høgdepunkt: Kåringa av vinnarane som deler premiepotten på 40.000 kroner mellom seg. 

 
Frå venstre: Jostein Hauken, Håvard Dretvik og
Kevin Grindland 
utgjorde laget ”Edle dråper” som
vann ved å redusere strømbruken for BKK.
Sigmund Riis frå Statens Vegvesen og Toril Hunstad
Christensen i BKK fekk blomar for si deltaking i konkurransen.
 
Svæverud-koret frå NHH serverte underhaldande song
om studietidas glade liv.
 

– Dette var skikkelig gøy å vere med på. Å vinne konkurransen er berre ein bonus, seier ein av dei heldige vinnarane, Stian Eikanger Skålevik.

 

Det var laget ”MoBile” som stakk av med sigeren for Statens vegvesen.

 

Skålevik har enno ikkje bestemt seg for kva hans del av premiesummen skal gå til, men seier at:

 

– Som fattig student skal eg alltid klare å finne noko å bruke pengane til. Etter ein liten pause legg han til:

 

– Eg skal iallfall spandere ein betre middag på kjærasten min.

 

Utfordrande måte å jobbe på

Studentane som melde seg til Case-konkurransen 2010, vart for om lag ei veke sidan sett saman i tilfeldige grupper og tildelt ein case av bedriftene. Vidare var det opp til kvar enkelt gruppe å kome opp med den beste løysinga på problemstillinga, som dei onsdag skulle presentere for bedriftene.

 

På kveldstid blei gruppene og næringslivsrepresentantane samla på Grand for tilbakemeldingar på presentasjonane og rapportane, samt for å kåre vinnarane.

 

– Det har vore ei travel veke. Det har vore utfordrande å jobbe så tett saman med folk eg ikkje kjenner, men veldig spennande også, seier Håvard Dretvik som vann casen gitt av BKK saman med Jostein Hauken og Kevin Grindland.

 

Klima og trafikk

Bedriftene Statens Vegvesen og BKK leverte begge case til konkurransen. Statens vegvesen sin case omhandlar trafikk og bilistar, med problemstillinga: Korleis få fleire bilistar over i passasjersetet? 

 

BKK ønskte å forslag til korleis dei kan bidra for å vere ein del av å løyse klimautfordringane.

 

– Vi har gjeve studentane ei opa oppgåve, slik at dei kan velje korleis dei vil avgrense temaet. At oppgåva er så open kjem av at vi ønskjer å ta omsyn til studentane sin mangfaldige fagbakgrunn, seier Toril Hunstad Christensen i BKK.

 

Bedriftsrepresentantane legg vekt på at konkurransen også har gitt dei fagleg utbytte:

 

– For oss er det jo veldig nyttig at nokon kjem inn frå sidelinja og ser med kritisk blikk på bedrifta, samtidig som dei foreslår alternative løysingar og strategiar. Vi har fått servert mange godbitar som vi kan ta omsyn til i konsernstrategien, seier Christensen.

 

Hard arbeidsveke

Den siste veka har studentane jobba tett saman i grupper for å løyse casen dei har blitt gitt på ein god måte. Arbeidet har resultert i ein rapport som saman med presentasjonen danna grunnlaget for bedriftsrepresentantane si kåring av vinnarane.

 

Både representantane frå BKK og Statens Vegvesen gav uttrykk for at dei var svært imponerte over alle gruppene sin innsats og resultatet.  

 

Gode samarbeid i gruppene kan vere oppskrifta bak suksessen:

 

– Eg tykkjer samarbeidet i gruppa har fungert veldig godt. Vi har hatt våre diskusjonar, men vi har også gitt kvarandre tillitt. Det har rett og slett vore ei fantastisk erfaring, seier Skålevik og smiler frå øyre til øyre:

 

– I tillegg har eg fått meg to gode, nye vener.


Sitemap | Index | FAQ | Kontakt