Til startsidenSkriv ut
Framtidsfylket Sogn og Fjordane sin Karrieremesse i Bergen

Mange drøymer i dag om å flytte ut av storbyane for å få meir balanse i kvardagen. Men til sjuande og sist er det arbeid og høve til å gjere karriere som avgjer. I Sogn og Fjordane kan du oppleve opne, energiske og nyskapande miljø.



Sogn og Fjordane har alltid orientert seg mot omverda, og står for mykje av verdiskapinga i Norge og ein stor del av norsk eksport. Her finn du spennande jobbar og vekstarenaer i dei mange næringsklyngene innan høgteknologisk industri, maritim og offshore, marin, design, finans og økonomi, offentlege tenester/forsking og utvikling, energi og IKT.

Næringsklyngene finn du i fleire bu‐ og arbeidsområde – frå kyst til bre. Bakteppet er at Sogn og Fjordane i stadig større grad er eit fylke der nye idear blir sett ut i livet og der internasjonale og urbane impulsar slår rot blant det tradisjonelle.

Bergen 16. februar 2010 i Grieghallen
På karrieremessene vert mangfaldet av vegar til eit godt liv i framtidsfylket formidla. Det er fjerde år på rad at Framtidsfylket Karrieremesser blir arrangert. Både det private næringslivet og offentleg sektor i Sogn og Fjordane ønskjer deg velkomen til eit fagleg og sosialt møtepunkt i Grieghallen tysdag 16. februar 2010 frå 18.00‐22.00.

Det blir mingling, stands og tapas. Bli med på Framtidsfylket sitt eige talkshow ’Først og Fremst’ med programvert Roy Aron Myklebust, kjend som revyartist og imitator hos NRK Sogn og Fjordane. Roy Aron intervjuar interessante gjester.

På messa er det høve til å lære meir om vår unike traineeordning Framtidsfylket Trainee og treffe traineebedriftene. Du vil elles sjå kva fylket har å by på av spennande arbeidsplassar – enten du er ute etter jobb no eller om du berre har lyst til å vite kva som finst av moglegheiter. Messa kan like gjerne sjåast på som ein uformell møteplass der ein kan treffe folk og bedrifter frå Sogn og Fjordane, ha det triveleg og få inspirasjon til karriereval.

For mer informasjon og påmelding gå inn på www.framtidsfylket.no der du også kan lese meir om Framtidsfylket Trainee og finne ledige jobbar.

Meld deg på NO! Påmeldingsfristen er tysdag 9. februar. Du må gjerne invitere med deg vener og kjende som kan ha glede av å delta.

Med venleg helsing,

Anne van Oorschot

Dagleg leiar Framtidsfylket


Sitemap | Index | FAQ | Kontakt