> Studentintervju > Krister Vasshus - Student ved Universitetet i Bergen  Til startsidenSkriv ut
Krister Vasshus - Student ved Universitetet i Bergen  

Krister Vasshus skal bli norsklærar. Utdanninga som skal føra han fram til lektorjobben tar han ved Universitetet i Bergen (UiB). Stavangerguten hadde allereie på ungdomsskulen bestemt seg for å studera i ein annan by. Det måtte bli Bergen.

Krister Vasshus

- Eg er veldig glad i Vestlandet og vurderte aldri andre byar. Eg visste at Bergen har ein lang tradisjon som studentby og at UiB er eit godt universitet, seier Krister.

Lektorutdanning og nordisk
Det 5-årige studiet har fokus på nordisk i fire år. Siste året er eit valfritt skulefag, alt frå historie til matematikk eller biologi. Pedagogikk er integrert i dei fem åra.

- Nordisk som fag handlar om nordisk kultur, språk og kunst, forklarar Krister. - For vår del blir det først og fremst fokusert på litteratur og språk. Eg er veldig interessert i språk og nordisk kultur generelt, og ein rådgjevar på vidaregåande fortalde meg at eg hadde passa ypparleg som lærar. No får me sjå om han hadde rett!

Undervisninga er forskjellig frå vidaregåande skule. Sjølv om det kan høyrast skremmande med mykje sjølvstudium på universitetet, er det ingen grunn til å fortvila, meiner Krister.

Det er tre typar undervisningstilbod, forklarar han:

- Førelesingane følgjer opp pensum. I tillegg kan du delta på seminar og kollokviegrupper. Her får du tilleggsførelesingar og det blir løyst oppgåver som er relevante for eksamen. Det er individuelt om du vel å delta på opplegget.

Krister har lagt opp dagen sin slik at han får med seg det meste av undervisningstilbodet.

- Eg får stort utbytte av å gå på førelesingar, kollokviegrupper og seminar. Spesielt på nordisk litteratur har dei tre undervisningsformene eit veldig godt samspel.

Hybelliv på 8 kvadratmeter
Studentliv er også hybelliv. Krister bur sentralt i eit av kollektiva til Studentsamskipnaden i Bergen. Han deler kjøkken med sju andre og erkjenner at litt konfliktar høyrer med. No er han klar for å finna seg ein ny stad og bu saman med to andre.

Studiekvardagen til Krister er klart delt opp i studietid og fritid. Men han er opptatt av å støtta opp om fagmiljøet på nordisk også på fritida:

- Det at me har det fint og får eit fellesskap på faget, er viktig. Er samhaldet godt, blir det kjekkare å studera også, seier Krister.

Kompetent fagmiljø
På spørsmål om kva som er det aller beste med å vera student i Bergen, trekk Krister fram det kompetente fagmiljøet som du blir ein del av:

- Det gir noko ekstra når du veit at det er folk her som engasjerer seg og brenn for det dei held på med. Det smittar over.

Når du kjem som ny student til Bergen, har Krister eit klart råd om å ta del i fagmiljøet:

- Skaff deg mange venner på faget. Det er viktig å føla seg som en del av fellesskapet der du studerer. Engasjer deg gjerne i organisasjonar og stå på for å bli kjent!

Les mer:

Universitetet i Bergen


Foto: Martin Bruvoll/Tekst: Grethe Meling


Hanna Bland - student ved Høgskolen i Bergen
Jarle Lillevik - utdannet ved Betanien diakonale høgskole
Anders Haga - student ved Universitetet i Bergen
Jørgen Aarø - student ved Universitetet i Bergen
Øystein Staveland - Student ved Universitetet i Bergen
Henriette Thulin - Student ved Høgskolen i Bergen
Chung Wing Lai - Student ved Kunsthøgskolen i Bergen
Ane Furu - student ved Norges Handelshøyskole
Tom-Erik Taule - student ved Høgskolen i Bergen
Snorre Jordheim Myhre - student ved Universitetet i Bergen
Kari-Aileen Stensdal - student ved Norges Handelshøyskole
Bjarte Hove - student ved Norsk Lærerakademi
Vidar Laksfors - student ved Kunsthøgskolen i Bergen
Torstein Stavenjord - student ved Diakonissehjemmet
Sine Halvorsen - student ved Høgskolen i Bergen
Sitemap | Index | FAQ | Kontakt