> Utdanning > Bergen Arkitekt Skole  Til startsidenSkriv ut
Bergen Arkitekt Skole  

Byrom - konstruksjonBergen Arkitekt Skole (BAS) er ein privat høgskole som utdannar arkitektar på eit 5-årig masterstudium. BAS vart oppretta i 1986 som eit pedagogisk alternativ til dei to statlege arkitekthøgskolene.

BAS er ein arkitektskole for nye generasjonar arkitektar, for utvikling av sjølvtru og ansvarskjensle, og for å laga ein arkitektur ut frå kunstnarlege kriterier og kritisk tanke.

For studentane gjeld arbeidsmåten det praktiske fritt kunstnarlege, med komplettering av teori. Det visuelle uttrykket er det bærande, det personlege uttrykket og den økologiske samanhengen er grunnlagsverdiane.

BAS nyttar praktiserande arkitektar, kunstnarar og ingeniørar i undervisninga. Lærarane på kompletterande teoretiske fag kjem frå Universitetet i Bergen.

Studieavgifta er p.t. kr. 11.470 pr. semester, kr 22.940 pr. år. I tillegg kjem obligatorisk semesteravgift ved UiB, p.t. kr. 470 pr. semester.

BAS er ikkje med i Samordna Opptak. Alle som har generell studiekompetanse kan vurderast for inntak. Første trinn i søknadsprosessen er eit personleg brev til skulen der ein ber om å få tilsendt søknadsskjema. Utfylt søknadsskjema må være sendt skulen innan 15. april.

For meir informasjon om skulen, søknadsprosessen og ønskjeleg erfaringsbakgrunn:

Bergen Arkitekt Skole


 

Sitemap | Index | FAQ | Kontakt